onsdag 9. desember 2009

Nyttårsutfordringar!

Etter nyttår skal den einskilde i danseklassen få to (ikkje ei, men to) utfordrande og skumle og kjekke og lærerike oppgåver. Den eine er å laga ein dansetime og undervisa resten av klassen. Det kan vera kva stil som helst, og me kan byggja timen opp som me vil. Den andre oppgåva er å laga ein solodans til seg sjølv, som skal brukast (visast) i ein eller annan samanheng.

Stay tuned...

onsdag 14. oktober 2009

"Kvar linjedag er teambuilding på danselinja"

På Sagavoll er det tradisjon med teambuilding, og fleire av klassane har hatt det. Det likna meir på "helvetesveke" enn teambuilding, tykte eg, men uansett. Danseklassen skal visst ikkje ha det, fordi (sjå overskrifta). Og det kan eg forsåvidt sei meg enig i!

Noko av det me har gjort på danselinja til no, er masse grunntrening og ein del koreografi. Me har hatt teknikk i klassisk, jazz og moderne, og koreografiar i moderne, lyrisk jazz og hiphop. I tillegg har me vore på to/tre turar: ein hyttetur (det var bål, det var soling, det var putling, det var spel, det var massasje, det var ikkje trening), og ein tur til Oslo (det var musikalar, det var shopping, det var restaurant, det var heller ikkje trening), i tillegg til ein kort tur til Skien for å sjå dans inspirert av fotball (som var overraskande stileg).

Men det viktigaste me har gjort er så klart å verta kjende. Og det har heldigvis ikkje skjedd gjennom flaue leikar. Det har eigentleg berre skjedd av seg sjølv. Slik det skal vera.

No på laurdag har me ansvar for elevkveld. Me skal dansa, så klart, og ha leikar og litt anna moro. Skal gi ein rapport på sundag!

søndag 23. august 2009

Mama, I'm a big girl now

For ganske nøyaktig 132 timar (òg kjend som 5 og eit halvt døgn) sidan kom eg til Sagavoll Folkehøgskule på Gvarv i Telemark og vart ynskt velkomen til det nye livet mitt av ein hyggeleg stab og eit fantastisk soverom. Men meir om dette skal de snart få lesa på den vanlege bloggen min. Her skal eg fortelja om det eg har opplevd så langt i danseklassen.

På to dagar måtte me, 13 jenter med ulik dansebakgrunn, læra oss eit musikaljazznummer. Og det gjorde me. Dansen var dedikert til mødrene våre, som saman med fedrene (og eventuelle) kom på besøk idag. Musikken var "Mama, I'm a big girl now" frå Hairspray. Framsyninga gjekk glitrande - bokstaveleg talt. Me var utsmykte med paljettkjolar frå Cubus som eg ikkje kan forstå at nokon kan koma på å kjøpa som ein vanleg kjole. Uansett. Me fekk både skryt og applaus og ei god suppe etterpå.

Dansesalen på Sagavoll er ganske lang, ikkje så brei, har to speil og eit skikkeleg golv. I tillegg er der ei lita hylle med bøker om dans og yoga og slikt. Det er lov å bruka dansesalen når ein vil, fram til låsing klokka 22. Slikt kan ein lika.

Om ein månad skal me på ein liten tur til Oslo for å sjå ein musikal saman med musikkfolka, og for å kjøpa det me manglar av dansetøy og skor. Og i mars skal me til Paris og London :) er det rart eg gler meg?

Og forresten er danselæraren noko av det søtaste eg har sett.

torsdag 6. august 2009

Den gang ei...

Eg kom til Kontra igår ettermiddag. Seint igår kveld såg eg på deltakarlistene for å sjekka at eg ikkje hadde altfor mange deltakarar. Det hadde eg ikkje, for å seia det slik! Ikkje eitt einaste namn. Litt intensiv blesting måtte til, og eg sende meldingar til Oda Blå, eller kva ho heitte, og konkurrerte med fyrstehjelpskurshaldaren. Han hadde allereie ei gruppe, han. Eg fekk ingen.

Dette tyder at eg har mykje meir fritid enn eg var førebudd på. Denne tida bruker eg på å læra meg bosnisk, iallfall litt. Ja se zovem Sara, imam devetnaest godina, dolazim iz Norveske. Så det så.

Men dersom det utrulege skjer og eg får deltakarar i morgon, då får eg ei litt spenstig utfordring: Å læra vekk ein nokså lang koreografi, inkludert pararbeid, på 8 timar. Elles får eg ta eit nytt kurs i morgon òg, då vel.

Eg veit ikkje om eg er mest skuffa eller letta.

-------

Men sånn p.s.: På Kontra er det yoga om morgonen, før frukost. Diggar det.

tysdag 14. juli 2009

Oppdrag!

Og no får eg visst brukt det eine koreografiprosjektet til noko :D

Snart skal Juvente ha sumarleir, og då er eg ansvarleg for å halda eit dansekurs. Eg har laga ein slags plan, eit utkast vel å merka.

Torsdag:
* oppvarming (noko særs enkelt og roleg)
* nokre tekniske øvingar, t.d. contract/release
* enkel impro-aktig greie, for å visa at det ikkje er farleg
* over golvet: ulike typar gange, hopp og turns
* koreografi (Both Hands)
* styrke/uttøying

Fredag:
* oppvarming + noko med meir fart
* repetisjon av dei viktigaste øvingane
* ny impro-oppgåve, litt meir krevande
* resten av koreografien (og mykje tid til spørsmål og repetisjon)
* fritid til øving og tøying

Med atterhald om endringar, så klart.

Dette vert litt spanande. Rett nok har eg vore leiar for ei dansegruppe før, men dette er liksom litt meir seriøst, trur eg. Men det vert sikkert kjekt.

onsdag 1. juli 2009

Eitt av mange sumarprosjekt

Denne sumaren har eg tenkt at eg skal vera kjempeproduktiv og kreativ og aktiv og alt som er bra. Ein av måtane eg har byrja med det på, er å koreografera. Alt er sjølvsagt uferdig, men det er iallfall i gang.

Problemet med å koreografera er at eg ender opp med å verta drittlei av musikken, i tillegg til at eg vert meir og meir kritisk til koreografien. Difor prøver eg å spreia det litt ut, og ikkje jobba for lenge om gongen med ein bestemt koreografi. (Det gjeld berre å hugsa det eg gjer...) Så for nokre veker sidan byrja eg på noko med "Both hands" av Ani DiFranco, og no jobbar eg litt med "Eg brenn etter deg" av Kjell Inge Torgersen (og Sting). Båe er dritvanskelege å få til noko med. Faren med slike songar er at ein kan koma til å imitera dei for mykje, og enda opp med berre kjensler og klisjéar.

Eg ser meir og meir kor utfordrande dette er. Og samstundes kor meiningsfullt det kan vera, når det endeleg klaffar.

torsdag 4. juni 2009

Neste veke!

Neste veke er den siste for meg på kulturskulen. Der er ein viss sjanse for at eg kjem til å gråta litt. Men i samband med at skuleåret er over, skal altså danseavdelinga ha ope hus. Då kan vener, familie, naboar og kjæledyr (eh ja) koma og sjå på ein "vanleg" dansetime. Dei timane som du ikkje kan gå glipp av, er:

- Moderne: onsdag 10. juni kl. 18:30 (ca ein time)
- Klassisk: torsdag 11. juni kl. 17:30 (ca halvannan time)

Dette går føre seg i Dansens hus ved utenriksterminalen i Stavanger. Kjem du? Klart du gjer.

(dette innlegget er òg lagt ut på den andre bloggen min)

laurdag 23. mai 2009

Speleliste 1

Veit ikkje om det er meir enn ein person som les dette, men uansett. Dersom de skulle vera interesserte, så har eg laga ei speleliste, som lova. De som har spotify skal kunna berre klikka på linken og vips. De andre kan berre angra. Neidå, her kjem ei lita liste for vanlege dødelege ikkje-spotifybrukarar: (med merknad i parantes)

Stop - Ane Brun & Liv Widell (oppvarming 1)
Citizen of the planet - Alanis Morissette (oppvarming 2)
London in the rain - Variety Lab (over golvet)
Paper aeroplane - Angus & Julia Stone (koreografi 1)
Over the rainbow - Eva Cassidy (koreografi 1)
James Bond Theme - Moby (koreografi 2)

fredag 15. mai 2009

Litt av veke 20 for ein danseentusiast

Gymtimane er korkje særleg interessante eller viktige for tida. Difor fant me (eg, Jasmin og Sunniva) ut, etter 5 minutt med tennis, at me heller ville bruka timen på å planleggja russetoginnslaget vårt. Så me brukte tennisbanen til å valsa, hoppa og snurra.

Så var det moderne dans etter skulen, der eg låg litt etter sidan eg har droppa så mange timar i år. Men for tida har me ganske "enkle" timar, i den forstanden at me berre har 4 ulike "koreografiar" (det vil seia to oppvarmingsøvingar og to koreografiar - tidlegare har me hatt eit utal ulike øvingar å hugsa på ein gong). Så eg greidde å koma inn i det. Og koreografiane er utruleg kjekke. Me gjer ein del golvarbeid, så eg må skaffa meg knebeskyttarar (hm, bokmål) snart. Og så har eg ein god del ting og tang eg må læra meg, for å seia det slik. Her er nokre av dei:

- rulla framlengs (frå liggjande, litt innfløkt)
- den der greia med føtene bak hovudet (som om ein stoppar før ein rullar baklengs)
- slå hjul (no tek eg berre "jukseversjonen")
- den der greia der ein bøyer seg ned over ståbeinet med hendene i golvet og det andre beinet i lufta (æsj, eg er så dårleg til å forklara desse greiene, eg må finna ut kva dei heiter)

Eg skal leggja ut ei spotify-liste når eg kjem heim, med songane me nyttar i modernetimane no for tida.

Okei, no til torsdag. Altså igår. Hadde ballettime, og som førre veke var me berre 3 stk tilstades. Eigentleg tykkjer eg slike timar er heilt geniale, det skulle vore sånn alltid. Men me var liksom ikkje så effektive som me kunne ha vore ;) me brukte ein del tid på teknikk, då. Ein lang barre og så ein laaang prat om armar og hendene. Det byrja med ein kommentar på fingrane til ho yngste i klassen, og så sto me der foran spegelen resten av timen og såg på hendene og armane våre og prata om dei. Eg fant ut at eg har hatt ein altfor brei bras-bas heile livet mitt, at eg har for strake armar i arabesque og at hendene mine er mykje meir korrekte enn eg trudde. Dette er noko berre dansarar kan la seg fascinera av - iallfall såpass lenge som me gjorde!

Så må eg gå inn eit nytt par tåspisskor innan neste torsdag. Greier eg det, trur de?

tysdag 12. mai 2009

Javeeel?

Eg er ikkje heilt sikker på om eg kjem til å gjennomføra dette.

De som les den andre bloggen min veit truleg at eg elskar å dansa. Eg er ikkje ei slik ei som tøyer kvar dag, går med håret i dult konstant og gjer dristige rørsler med rumpa til Rihanna-musikk (iallfall ikkje når nokon ser!). Eg er ei slik ei som tykkjer det er herleg å røra på seg, elskar synet av vakker dans og knyt band til musikken eg dansar til, nesten som eit kjærleiksforhold. Merkelege greier for dei som ikkje driv med slikt sjølv.

Uansett så tenkte eg slik, at det hadde vore litt kjekt å blogga meir om danseopplevingane mine, men gjerne utan at dei som ikkje interesserer seg for det må lesa det i den vanlege bloggen. Kanskje litt tungvint, men eg tykkjer det verkar greitt å ha ein eigen stad for det som er danserelatert. Så eg tenkjer eg kjem til å leggja ut bilete/videoar av meg sjølv og andre, "rapportar" frå framsyningar eg ser, spelelister med musikken eg dansar til for tida, og så bortetter. Det kan verta kjekt!

Men det er eit betaprosjekt. Om eg ikkje diggar det (eg drit i om lesarane diggar det) så droppar eg det. Okidok.