søndag 23. august 2009

Mama, I'm a big girl now

For ganske nøyaktig 132 timar (òg kjend som 5 og eit halvt døgn) sidan kom eg til Sagavoll Folkehøgskule på Gvarv i Telemark og vart ynskt velkomen til det nye livet mitt av ein hyggeleg stab og eit fantastisk soverom. Men meir om dette skal de snart få lesa på den vanlege bloggen min. Her skal eg fortelja om det eg har opplevd så langt i danseklassen.

På to dagar måtte me, 13 jenter med ulik dansebakgrunn, læra oss eit musikaljazznummer. Og det gjorde me. Dansen var dedikert til mødrene våre, som saman med fedrene (og eventuelle) kom på besøk idag. Musikken var "Mama, I'm a big girl now" frå Hairspray. Framsyninga gjekk glitrande - bokstaveleg talt. Me var utsmykte med paljettkjolar frå Cubus som eg ikkje kan forstå at nokon kan koma på å kjøpa som ein vanleg kjole. Uansett. Me fekk både skryt og applaus og ei god suppe etterpå.

Dansesalen på Sagavoll er ganske lang, ikkje så brei, har to speil og eit skikkeleg golv. I tillegg er der ei lita hylle med bøker om dans og yoga og slikt. Det er lov å bruka dansesalen når ein vil, fram til låsing klokka 22. Slikt kan ein lika.

Om ein månad skal me på ein liten tur til Oslo for å sjå ein musikal saman med musikkfolka, og for å kjøpa det me manglar av dansetøy og skor. Og i mars skal me til Paris og London :) er det rart eg gler meg?

Og forresten er danselæraren noko av det søtaste eg har sett.

torsdag 6. august 2009

Den gang ei...

Eg kom til Kontra igår ettermiddag. Seint igår kveld såg eg på deltakarlistene for å sjekka at eg ikkje hadde altfor mange deltakarar. Det hadde eg ikkje, for å seia det slik! Ikkje eitt einaste namn. Litt intensiv blesting måtte til, og eg sende meldingar til Oda Blå, eller kva ho heitte, og konkurrerte med fyrstehjelpskurshaldaren. Han hadde allereie ei gruppe, han. Eg fekk ingen.

Dette tyder at eg har mykje meir fritid enn eg var førebudd på. Denne tida bruker eg på å læra meg bosnisk, iallfall litt. Ja se zovem Sara, imam devetnaest godina, dolazim iz Norveske. Så det så.

Men dersom det utrulege skjer og eg får deltakarar i morgon, då får eg ei litt spenstig utfordring: Å læra vekk ein nokså lang koreografi, inkludert pararbeid, på 8 timar. Elles får eg ta eit nytt kurs i morgon òg, då vel.

Eg veit ikkje om eg er mest skuffa eller letta.

-------

Men sånn p.s.: På Kontra er det yoga om morgonen, før frukost. Diggar det.