onsdag 27. januar 2010

Soloframsyning og noko attåt

I dag viste me fram soloane våre. Eg droppa kåpegreia, men elles vart soloen min ganske lik (om ikkje betre enn) visjonen min. Det var veldig gøy å ha gjort det, og me fekk god respons frå Musikk og KID, det hyggelege publikummet.

Men no har eg noko å innrømma, og ei teneste å be om. Her kjem det.

Okei, så i byrjinga av skuleåret sa eg til meg sjølv at eg ikkje skulle setja som mål å koma ned i spagaten. Eg tykte det var eit teit og uoriginalt og irrelevant mål (kanskje mest fordi eg tenkte eg aldri kom til å greia det uansett). Men no, no ser eg at eg faktisk er nærmare enn eg nokon gong har vore (ikkje at det seier så mykje). Og det hadde vore litt gøy å klara det. Så om nokon har lyst å inngå eit veddemål med meg, så kan det henda at det hadde hjelpt litt. Veddemålsvinsten kan vera kva som helst, nesten. Kommenter her eller send essemmess.

Køyr på! (så er de englar)

onsdag 13. januar 2010

Zolotid!

Då har me byrja på solodansane våre! Eg har vald songen "Bris" av Kaizers Orchestra. Men det er eigentleg berre fyrste del av songen eg kan bruka, så eg vurderer litt å kombinera med ein annan song som kan stå i kontrast. Iallfall så skal eg spela på assosiasjonane eg får av songen, altså kulde og fridom. Ideen min så langt er at eg skal ha på meg ein luftig kjole og ei vinterkåpe. I introen skal eg stå ved ein vegg og vera kald, og i refrenget skal eg ta av jakka (og prøva å ikkje få det til å se veldig teit ut). Til slutt, rundt "du har stengt oss inne og du vinne, du vinne" skal eg krypa saman og ta på jakka igjen. Pluss litt dansing innimellom, det må jo til det òg.

Teit? Kanskje. Me får sjå.