onsdag 27. januar 2010

Soloframsyning og noko attåt

I dag viste me fram soloane våre. Eg droppa kåpegreia, men elles vart soloen min ganske lik (om ikkje betre enn) visjonen min. Det var veldig gøy å ha gjort det, og me fekk god respons frå Musikk og KID, det hyggelege publikummet.

Men no har eg noko å innrømma, og ei teneste å be om. Her kjem det.

Okei, så i byrjinga av skuleåret sa eg til meg sjølv at eg ikkje skulle setja som mål å koma ned i spagaten. Eg tykte det var eit teit og uoriginalt og irrelevant mål (kanskje mest fordi eg tenkte eg aldri kom til å greia det uansett). Men no, no ser eg at eg faktisk er nærmare enn eg nokon gong har vore (ikkje at det seier så mykje). Og det hadde vore litt gøy å klara det. Så om nokon har lyst å inngå eit veddemål med meg, så kan det henda at det hadde hjelpt litt. Veddemålsvinsten kan vera kva som helst, nesten. Kommenter her eller send essemmess.

Køyr på! (så er de englar)

onsdag 13. januar 2010

Zolotid!

Då har me byrja på solodansane våre! Eg har vald songen "Bris" av Kaizers Orchestra. Men det er eigentleg berre fyrste del av songen eg kan bruka, så eg vurderer litt å kombinera med ein annan song som kan stå i kontrast. Iallfall så skal eg spela på assosiasjonane eg får av songen, altså kulde og fridom. Ideen min så langt er at eg skal ha på meg ein luftig kjole og ei vinterkåpe. I introen skal eg stå ved ein vegg og vera kald, og i refrenget skal eg ta av jakka (og prøva å ikkje få det til å se veldig teit ut). Til slutt, rundt "du har stengt oss inne og du vinne, du vinne" skal eg krypa saman og ta på jakka igjen. Pluss litt dansing innimellom, det må jo til det òg.

Teit? Kanskje. Me får sjå.

onsdag 9. desember 2009

Nyttårsutfordringar!

Etter nyttår skal den einskilde i danseklassen få to (ikkje ei, men to) utfordrande og skumle og kjekke og lærerike oppgåver. Den eine er å laga ein dansetime og undervisa resten av klassen. Det kan vera kva stil som helst, og me kan byggja timen opp som me vil. Den andre oppgåva er å laga ein solodans til seg sjølv, som skal brukast (visast) i ein eller annan samanheng.

Stay tuned...

onsdag 14. oktober 2009

"Kvar linjedag er teambuilding på danselinja"

På Sagavoll er det tradisjon med teambuilding, og fleire av klassane har hatt det. Det likna meir på "helvetesveke" enn teambuilding, tykte eg, men uansett. Danseklassen skal visst ikkje ha det, fordi (sjå overskrifta). Og det kan eg forsåvidt sei meg enig i!

Noko av det me har gjort på danselinja til no, er masse grunntrening og ein del koreografi. Me har hatt teknikk i klassisk, jazz og moderne, og koreografiar i moderne, lyrisk jazz og hiphop. I tillegg har me vore på to/tre turar: ein hyttetur (det var bål, det var soling, det var putling, det var spel, det var massasje, det var ikkje trening), og ein tur til Oslo (det var musikalar, det var shopping, det var restaurant, det var heller ikkje trening), i tillegg til ein kort tur til Skien for å sjå dans inspirert av fotball (som var overraskande stileg).

Men det viktigaste me har gjort er så klart å verta kjende. Og det har heldigvis ikkje skjedd gjennom flaue leikar. Det har eigentleg berre skjedd av seg sjølv. Slik det skal vera.

No på laurdag har me ansvar for elevkveld. Me skal dansa, så klart, og ha leikar og litt anna moro. Skal gi ein rapport på sundag!

søndag 23. august 2009

Mama, I'm a big girl now

For ganske nøyaktig 132 timar (òg kjend som 5 og eit halvt døgn) sidan kom eg til Sagavoll Folkehøgskule på Gvarv i Telemark og vart ynskt velkomen til det nye livet mitt av ein hyggeleg stab og eit fantastisk soverom. Men meir om dette skal de snart få lesa på den vanlege bloggen min. Her skal eg fortelja om det eg har opplevd så langt i danseklassen.

På to dagar måtte me, 13 jenter med ulik dansebakgrunn, læra oss eit musikaljazznummer. Og det gjorde me. Dansen var dedikert til mødrene våre, som saman med fedrene (og eventuelle) kom på besøk idag. Musikken var "Mama, I'm a big girl now" frå Hairspray. Framsyninga gjekk glitrande - bokstaveleg talt. Me var utsmykte med paljettkjolar frå Cubus som eg ikkje kan forstå at nokon kan koma på å kjøpa som ein vanleg kjole. Uansett. Me fekk både skryt og applaus og ei god suppe etterpå.

Dansesalen på Sagavoll er ganske lang, ikkje så brei, har to speil og eit skikkeleg golv. I tillegg er der ei lita hylle med bøker om dans og yoga og slikt. Det er lov å bruka dansesalen når ein vil, fram til låsing klokka 22. Slikt kan ein lika.

Om ein månad skal me på ein liten tur til Oslo for å sjå ein musikal saman med musikkfolka, og for å kjøpa det me manglar av dansetøy og skor. Og i mars skal me til Paris og London :) er det rart eg gler meg?

Og forresten er danselæraren noko av det søtaste eg har sett.

torsdag 6. august 2009

Den gang ei...

Eg kom til Kontra igår ettermiddag. Seint igår kveld såg eg på deltakarlistene for å sjekka at eg ikkje hadde altfor mange deltakarar. Det hadde eg ikkje, for å seia det slik! Ikkje eitt einaste namn. Litt intensiv blesting måtte til, og eg sende meldingar til Oda Blå, eller kva ho heitte, og konkurrerte med fyrstehjelpskurshaldaren. Han hadde allereie ei gruppe, han. Eg fekk ingen.

Dette tyder at eg har mykje meir fritid enn eg var førebudd på. Denne tida bruker eg på å læra meg bosnisk, iallfall litt. Ja se zovem Sara, imam devetnaest godina, dolazim iz Norveske. Så det så.

Men dersom det utrulege skjer og eg får deltakarar i morgon, då får eg ei litt spenstig utfordring: Å læra vekk ein nokså lang koreografi, inkludert pararbeid, på 8 timar. Elles får eg ta eit nytt kurs i morgon òg, då vel.

Eg veit ikkje om eg er mest skuffa eller letta.

-------

Men sånn p.s.: På Kontra er det yoga om morgonen, før frukost. Diggar det.

tysdag 14. juli 2009

Oppdrag!

Og no får eg visst brukt det eine koreografiprosjektet til noko :D

Snart skal Juvente ha sumarleir, og då er eg ansvarleg for å halda eit dansekurs. Eg har laga ein slags plan, eit utkast vel å merka.

Torsdag:
* oppvarming (noko særs enkelt og roleg)
* nokre tekniske øvingar, t.d. contract/release
* enkel impro-aktig greie, for å visa at det ikkje er farleg
* over golvet: ulike typar gange, hopp og turns
* koreografi (Both Hands)
* styrke/uttøying

Fredag:
* oppvarming + noko med meir fart
* repetisjon av dei viktigaste øvingane
* ny impro-oppgåve, litt meir krevande
* resten av koreografien (og mykje tid til spørsmål og repetisjon)
* fritid til øving og tøying

Med atterhald om endringar, så klart.

Dette vert litt spanande. Rett nok har eg vore leiar for ei dansegruppe før, men dette er liksom litt meir seriøst, trur eg. Men det vert sikkert kjekt.